Arbeidsdepartementet

- Færre ledige også i februar

Nyhet   •   feb 28, 2011 09:37 CET

- Det er gledeleg at arbeidsløysa går ned. Men sjølv om vi no er i ein moderat oppgangskonjunktur kan det ta tid før arbeidsløysa er attende på same låge nivå som før finanskrisa, seier statssekretær Jan-Erik Støstad i ein kommentar til februartalet over registrerte arbeidslause.

Arbeids- og velferdsdirektoratet la fram tal for arbeidsløysa i dag. Det viser ein nedgang i talet på heilt arbeidslause på 1 000 personar frå januar, justert for normale sesongvariasjonar.

- Tilsette i bygg og anlegg og industrien vart hardt ramma av arbeidsløysa som følgje av finanskrisa og utgjer framleis ein stor del av dei arbeidslause. Det er difor gledeleg at etterspurnaden i desse næringane no har tatt seg opp, og at talet på ledige i desse yrkesgruppene går ned, seier statssekretæren.

Ved utgangen av februar var det 77 400 heilt arbeidslause, og det utgjer 3,0 prosent av arbeidsstyrken. Det var 1 400 færre heilt arbeidslause enn på same tid i fjor. Sesongjustert har talet gått ned med 4 700 dei siste tre månadene.