Landbruks- og matdepartementet

Færre reinsdyr blir slakta i haust

Nyhet   •   nov 22, 2011 10:20 CET

Det er slakta færre reinsdyr denne hausten enn tidlegare år. Slaktetalet så langt i år viser at det i heile landet er slakta 16 352 dyr i september og oktober. På same tid i fjor blei det slakta 20 341 dyr.

Reindriftsforvaltninga har fått tilbakemeldingar frå reinkjøtbransjen om at veldig mange vil ha meir reinkjøt. Samstundes melder reinslakteri over heile landet om ledig slaktekapasitet no i midten av november og utover.

- Ut i frå tidlegare røynsle, så er det ofte kø hjå slakteria i desember månad, noko som medfører at ikkje alle reineigarar får slakta slik som planlagt. For å unngå kø, og samstundes sikre tilgang på reinkjøt ut i marknaden, er det viktig at dei som har moglegheit til det, slaktar no i november, seier konstituert reindriftssjef Jan-Yngvar Kiel.

Reinsdyrskinke.(Foto: Landbruks- og matdepartementet)