Utenriksdepartementet

Fiskaa til Kongo og Uganda

Nyhet   •   feb 01, 2011 09:12 CET

Statssekretær Ingrid Fiskaa besøkjer no Den demokratiske republikken Kongo og Uganda.

Fiskaa skal besøkje dei to landa frå måndag 31. januar til tysdag 8. februar. I Kongo vil statssekretæren ha samtalar med styresmaktene i Kinshasa og besøkje det austlege Kongo. Fokus for besøket er kampen mot seksualisert vald i landet og arbeidet med konfliktmineral.

Fiskaa vil óg delta på opninga av eit senter for kvinner som har blitt utsett for seksualisert vald. Der vil også representantar frå amerikanske styresmakter, skodespelar Charlize Theron og FNs spesialrapportør mot seksualisert vald Margot Wahlström vere til stades.

I Uganda skal Fiskaa ha samtalar med styresmaktene i Kampala. Fokus for besøket er kvinners rettar og likestilling, samt homofiles rettar.

Les også utenriksminister Jonas Gahr Støres kronikk: Voldtekt som sikkerhetspolitikk

Les også miljø- og utviklingsminister Erik Solheims kronikk: Er det håp for Kongo?

Erik Solheim møtte legen Denis Mukwege : - Rystende om Kongo

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000 (ikkje sms).

****

Pressemeldinger og nyhende om bistand og utvikling skal være lett å lese. Solheims rådgjevarar bruker Liks til å teste kor enkle tekster er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 35. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for et enklere språk i staten hos Klarspråk.no.