Arbeidsdepartementet

Fleire kvinner får rett til dagpengar under arbeidsløyse

Nyhet   •   nov 08, 2010 17:07 CET

– Regjeringa er opptatt av å hindre at arbeidsledige kjem i ein uheldig situasjon på grunn av graviditet og fødsel. Lovendringa gir fleire arbeidssøkande kvinner rett til dagpengar og styrkjer rettane til kvinnelege arbeidstakarar i samband med graviditet og fødsel, seier statssekretær Jan-Erik Støstad.

Regjeringa fremma 5. november eit forslag for Stortinget om å endre kvalifikasjonsgrunnlaget for dagpengar under arbeidsløyse, slik at foreldrepengar, svangerskapspengar og svangerskapsrelaterte sjukepengar tel som arbeidsinntekt i kravet til minsteinntekt for dagpengar i folketrygdlova § 4-4.

Det er sett av om lag 69 millionar kroner til dette i statsbudsjettet for 2011.

Det er eit generelt prinsipp i dagpengeordninga at dagpengar skal erstatte bortfall av arbeidsinntekt. Gjeldande reglar er til ugunst for kvinnelege arbeidstakarar som er reelle arbeidssøkjarar, særlig der kvinna har hatt ein periode med tette fødslar, slik at det ikkje har vore mogleg å tene opp tilstrekkeleg arbeidsinntekt. Likestillings- og diskrimineringsnemnda har ved fleire høve uttalt at desse ytingane må inkluderast som arbeidsinntekt for å kvalifisere til dagpengar.

Dei nye reglane skal etter planen tre i kraft 1. januar 2011.

Lovforslaget: Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover, Prop. 16 L (2010-2011)