Fiskeri- og kystdepartementet

Foreslår å lukke fisket etter lange og brosme for konvensjonelle fartøy på eller over 28 meter

Nyhet   •   nov 17, 2010 09:01 CET

Fiskeri- og kystdepartementet har i dag sendt på høyring eit forslag om tilgangsavgrensing for konvensjonelle fartøy på eller over 28 meter i fisket etter lange og brosme.

Fartøy som har tilgang til å delta i gruppa av konvensjonelle havfiskefartøy blir ikkje berørt av dette forslaget, og heller ikkje fartøy under 28 meter. Føremålet med forslaget er å unngå at fangstinnsatsen i dette fisket aukar, etter at reglane for å avgrense storleiken på kystfartøy er endra frå ei lengdegrense på 28 meter til ei lasteromsavgrensing.