Fiskeri- og kystdepartementet

Foreslår fleire lokalitetar ved samlokalisering

Nyhet   •   nov 15, 2010 09:15 CET

Fiskeri- og kystdepartementet fastsette i desember 2009 ei ordning med interregionalt biomassetak (IRBT) i akvakulturdriftsforskrifta § 48 a. Interregionalt biomassetak gir verksemder som har løyve til å drive akvakultur i to naboregionar høve til å leggje saman biomassetaket i dei to regionane på visse vilkår. Laksetildelingsforskrifta set grenser for kor mange lokalitetar som kan knytast til eitt løyve, og som følgje av dette oppnår ein ikkje ønska effekt av ordninga med IRBT. Departementet sender i dag på høyring forslag om å endre laksetildelingsforskrifta slik at verksemder med interregionalt biomassetak kan klarere to ekstra lokalitetar til eitt løyve.

Høyringsfristen er sett til 13. desember.