Forsvarsdepartementet Norge

Forsvaret får flygande gigantambulanse

Nyhet   •   sep 23, 2010 09:58 CEST

- No kan Forsvaret byggje om eit sivilt rutefly til ein stor luftambulanse på 24 timar og dermed styrkje evakueringskapasiteten sin så det monnar, seier forsvarsminister Grete Faremo.


Foto: Forsvaret

Det nye evakueringssystemet kan transportere militære og sivile pasientar over heile verda, og vart i dag demonstrert ved Gardermoen militære flyplass.

Fleksibelt
Evakueringssystemet er sett saman av modular som kan nyttast i dei fleste fly. Forsvaret har underteikna ein avtale med SAS, som har forplikta seg til å stille Boeing 737-maskiner tilgjengeleg når behovet er der. Etter kvart skal òg Forsvarets eigne Hercules C-130J transportfly kunne nytte systemet. Ein fjernar det vanlege inventaret i flyet og erstattar det med spesialtilpassa bårestativ og medisinsk utstyr. Ein Boeing 737 vil kunne frakte opptil 22 liggjande pasientar i tillegg til fleire sitjande. Ein Hercules kan ta dobbelt så mange. Forsvaret skal kunne stille klar to slike fly samstundes og vere på vingane innan 24 timar.

Sivilt og militært
Med den nye løysinga kan Forsvaret transportere skadd personell på ein sikker måte og handtere situasjonar med mange skadde, uansett kvar i verda dei er.

- No kan vi òg evakuere intensivpasientar, noko som tidlegare ikkje har vore mogleg, seier major Albert Krogh Albertsen, prosjektleiar ved Forsvarets logistikkorganisasjon.

Forsvaret kan nytte evakueringssystemet for soldatar i internasjonale operasjonar, men òg til evakuering av sivile ved større ulukker og naturkatastrofar.

- Eg er særs nøgd med å få på plass det nye evakueringssystemet. Ikkje berre er det viktig for soldatane våre i Afghanistan, det er òg eit godt døme på korleis Forsvaret kan støtte det sivile samfunnet, seier Faremo.

Operativt i 2011
Prosjektet er no inne i si siste fase, som inneber å få naudsynte sertifiseringar for Boeing 737 og på sikt òg for Forsvarets Herkules C-130J. Målet er å ha systemet operativt i første kvartal i 2011.