Miljøverndepartementet

Frå Klimakur til klimapolitikk

Nyhet   •   sep 01, 2010 18:00 CEST

Miljøverndepartementet arrangerer måndag 13. september ein konferanse for å få innspel til Klimakur-rapporten. Det er 180 påmeldte, men fortsatt nokre ledige plassar. Konferansen er open for alle.

Klimakur 2020 viser korleis Noreg kan oppfylle målet om innenlandske reduksjonar i klimagassutsleppa. Det har kome om lag 120 høringsuttaler som no blir gjennomgått. Det skal leggjast fram ei stortingsmelding i 2011 om klimapolitikken og behovet for endra verkemiddel.

I den forbindelse arrangerer Miljøverndepartementet konferansen ”Frå Klimakur til klimapolitikk” for å få innspel innanfor utvalde sentrale tema i klimapolitikken.
Konferansen arrangerast på Scandic Edderkoppen 13. september 2010 kl 09.00-16.00. Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim opnar møtet kl 09.30. Det vil bli ein plenumsdel med inviterte foredragshaldarar. Etter lunsj blir det delt inn i tre parallelle sesjonar.

Sjå førebels program (pdf)


Påmelding innan 3. september til

Vi ber om at deltakarane melder frå om kva for ein parallellsesjon dei vil delta i. Konferansen er gratis.