Kommunal- og regionaldepartementet

Frie inntekter på nett

Nyhet   •   okt 07, 2010 16:09 CEST

Er du interessert i nøkkeltal for din kommune? Kommunal- og regionaldepartementet har laga ei ny nettside med både tal og forklaringar.

- I den nye nett-løysinga finn du enkelt fram til både fordelinga av rammetilskotet og eit anslag på skatteinntektene for 2011 for din eigen kommune og fylkeskommune. Eg vonar desse oversiktene gjer det enklare å forstå korleis kommunane sine inntekter er fordelte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Nettløysinga er oppdatert med tala frå statsbudsjettet som blei lagt fram 5. oktober. Ved å klikke på dei ulike elementa, får ein dessutan forklaringar på korleis tala for kvar enkelt kommune er rekna ut.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.