Fiskeri- og kystdepartementet

Geir Evensen avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet

Nyhet   •   sep 17, 2010 15:49 CEST

Geir Evensen er i statsråd konstituert som avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet. Evensen skal arbeide i avdeling for havbruk, sjømat og marknad.

Evensen vil få fagleg leiaransvar for oppgåver knytt til Internasjonalt lag, som har ansvar for mellom anna EØS/EU-saker og internasjonal handelsrett for norsk sjømatnæring. Stillinga er eit 3 års vikariat.

Evensen er 45 år gammal, er utdanna jurist, og har arbeidd i Fiskeri- og kystdepartementet sidan 1993 med handel, industri, eksport, WTO og EU/EØS-saker. Frå august 2007 til august 2010 var Evensen spesialutsending for fisk ved EU-delegasjonen i Brussel.