Samferdselsdepartementet

Gratis internett på tog

Nyhet   •   nov 10, 2010 09:05 CET

I løpet av 2011 skal dei mest trafikkerte togstrekningane tilby gratis internett til dei reisande.

– Eg er glad for at vi med dette styrkar konkuransefortrinnet for toget, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

I løpet av 2010 vil strekningane Oslo – Skien og Oslo – Lillehammer tilby gratis internett til dei reisande.

I løpet av 2011 vil Østfoldbanen, Dovrebanen, Sørlandsbanen og Bergensbanen kunne tilby det same.

Jernbanedirektør Elisabeth Enger, samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa og NSB-sjef Einar Enger gler seg over at alle dei mest trafikkerte togstrekningane snart kan tilby gratis internett. Foto: NSB

Les meir hos NSB

Foto til pressebruk (Foto: NSB)