Samferdselsdepartementet

Grønt lys for forlenging av Jærenpakke 1: Bompengeordninga kan forlengjast med inntil fem år

Nyhet   •   nov 21, 2011 11:44 CET

- Bompengeordninga for Nord-Jæren kan forlengjast med inntil fem år, rekna frå 1. januar 2012. Ei slik forlenging legg til rette for samanhangande bompengeinnkrevjing for å betra trafikktilhøva på Nord-Jæren, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Eit forslag om forlenging av bompengeordninga vart lagt fram i statsråd i dag. Forslaget er i tråd med vedtak i Rogaland fylkeskommune frå desember 2010 om forlenging i inntil fem år, uendra takstnivå og endring av maksimal rabattsats frå  40 til 20 prosent  rabatt for abonnentar.

Nord-Jærenpakken er ein samla plan og eit finansieringsopplegg for større samferdselstiltak på Nord-Jæren, der kommunane, Rogaland fylkeskommune og staten samarbeider tett.
Det vert arbeidd med ein Jærenpakke 2, men det vart uråd å  ha den klar ved utløpet av 2011.

Desse prosjekta vil kunna vera aktuelle å finansiera heilt eller delvis  gjennom ei forlenging av bompengeordninga:

• E39 Eiganestunnelen
• Kryssutbetring riksveg 510 Sømmevågen vest, medrekna  Flyplassvegen
• Fylkesveg 44 Forus – Gausel,kollektivfelt
• Fylkesveg 505 Skjæveland – Foss/Eikeland
• E39 Sandved – Hove
• Trafikkstyringstiltak for å sikra betre framkome for kollektivtrafikken i Forus-området
• Gang- og sykkelvegar

- Dersom Stortinget sluttar seg til ei ny ordning for trafikantbetaling (Jærenpakke 2) innan fem år, vil den nye ordninga avløysa den ordninga som no blir foreslått forlengd. Dei økonomiske pliktene som er knytte til igangsette prosjekt innanfor Nord-Jærenpakken vil i så fall bli overførte til den nye bompengeordninga.

 - Om det ikkje skulle bli tilslutning til ein Jærenpakke 2, legg eg til grunn at  bompengeordninga for Nord-Jærenpakken blir oppretthalden inntil ein får finansiert dei bompengebidraga som er føresette for dei  prosjekta som alt er komne i gang. Omfanget av utbygginga innanfor Nord-Jærenpakken må elles tilpassast den økonomiske ramma. Dei endelege prioriteringane skal, som tidlegare, skje gjennom dei årlege statsbudsjetta, seier samferdselsministeren.

Samferdselsdepartementet vil koma tilbake til utbyggings- og finansieringsplan av E39 Eiganestunnelen når alle avklaringar ligg føre.

Fleire opplysningar og kartskisse:

Prop. 28 S (2011-2012 Forlenging av bompengeordninga i Nord-Jærenpakka i Rogaland