Landbruks- og matdepartementet

Heggem til Skjåk 8-9. oktober

Nyhet   •   okt 07, 2010 15:39 CEST

Statssekretær Ola T. Heggem vitjar Skjåk kommune fredag og laurdag 8-9. oktober 2010. Mellom anna deltek Heggem på opent møte om framtida for landbruket i fjellbygdene og vitjar Aura gris. Laurdag opner Heggem matmarknaden Hauststakk 2010.

Frå programmet:

Fredag 8. oktober
Kl 19.00 Ope møte med landbruksnæringa. Tema: Framtida for landbruket i fjellbygdene.

Laurdag 9. oktober:
Kl 0830  Framtida for grisen i fjellbygdene. Sted: Aura gris AS, Oppmøte i Aura gris AS, 2690 Skjåk.
kl 0930  Møte med Skjåk Almenning, Skjåk prosjekt og Skjåk kommune. Tema: Utfordringar og moglegheiter knytta til vern og bruk i Skjåk Almenning. Sted: Adm. bygget til Skjåk Almenning, 2690 Skjåk
kl 1130  Opning av matmarknaden Hausttakk 2010 i Skjåk.