Helse- og omsorgsdepartementet

Helsehjelp til personar utan lovleg opphald

Nyhet   •   nov 25, 2010 16:54 CET

Personar utan lovleg opphald i Noreg har rett til helsehjelp som ikkje kan vente. Ei forskriftsendring som no vert sendt på høyring skal sikre likebehandling og at helsepersonell kjenner til kva slags tenester dei har plikt til å tilby.

Helse- og omsorgsdepartementet har i dag sendt på høyring eit forslag til endringar i prioriteringsforskrifta.

Forslaget vil gjere det klart kva slags rett personar utan lovleg opphald har til helsetenester. Hensikta er å oppnå meir likebehandling og forutsigbarheit for denne gruppa. Klargjeringa vil også gjere situasjonen enklare for helsepersonell. I dag er det usikkert kva slags  behandling dei har plikt å gi personar utan lovleg opphald.

-Eg er veldig oppteken av at barn og gravide i stor grad vert likestilt med personar med lovleg opphald, og foreslår ei slik likestilling. Eg vil også gjere det klart at kvinner utan lovleg opphald skal ha rett til å få utført svangerskapsavbrot. Det er viktig for å hindre illegale abortinngrep, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Personar utan lovleg opphald har rett til akutt hjelp. I tillegg vert det i høyringa foreslått at alle skal ha rett til helsehjelp som ikkje kan vente. Det vil sei dersom pasienten innan kort tid vil få behov for akutt hjelp om han eller ho ikkje får helsehjelp.

Det vert også foreslått at psykisk ustabile personar utan lovleg opphald som kan tenkast å vere farlege, skal ha rett til helsehjelp i form av psykisk helsevern.
I tillegg har også personar utan lovleg opphald rett til smittevernhjelp ved allmennfarleg smittefarleg sjukdom.

Personar utan lovleg opphald må som hovedregel sjølv betale for helsehjelpen. Det er imidlertid ikkje anledning til å kreve forhåndsbetaling for akutt hjelp og i situasjonar der behov for helsehjelp frå spesialisthelsetenesten ikkje kan vente.