Høgskolen i Harstad

Høgskulen i Harstad med i felles læringsmiljøundersøking

Nyhet   •   mar 08, 2012 14:24 CET

Korleis trivst du som student? Har du det bra sosialt? Er du nøgd med inneklimaet? …. Sju lærestader, mellom dei HiH, har gått saman om ei felles læringsmiljøundersøking.

Spørreundersøkinga vert sendt ut måndag 12. mars til studentane ved Universitetet i Oslo, Universitetet for miljø- og biovitskap, Haraldsplass diakonale høgskule, Universitetet i Stavanger, Høgskulen i Nesna, NTNU og Høgskulen i Harstad.

- Eit godt læringsmiljø er viktig for at studentane skal lukkast, seier HiH-rektor Bodil Olsvik. – Vi ønskjer å samarbeide med studentane om å skape eit så godt læringsmiljø som mogleg. Difor gjennomfører vi denne læringsmiljøundersøkinga.

- Vi treng fakta. Studentane sine røynsler, ønskjer og behov i forhold til læringsmiljøet vil gje oss viktig kunnskap. Dette vil gje oss grunnlag til å føre vidare det som fungerer godt, og ikkje minst rette opp eller utvikle det som fungerer mindre godt, framhever rektor Olsvik.

Undersøkinga er laga i samarbeid med Universell, TNS gallup og utdaningsinstitusjonane. Frå HiH har fyrstekonsulent Frode Jenssen deltatt i utviklingsarbeidet. Undersøkinga omfatter norske studentar (ikkje ved videreutdaningane) som har betalt semesteravgift for våren 2012 og er i alderen 18 – 50 år.

Rapport med analyser frå undersøkinga er venta å foreligge i mai. Resultatane vil bli behandla og følgt opp av læringsmiljøutvalet, fagmiljøa og høgskuleleiinga.

Alle HiH-studentar som deltar i undersøkinga er med i trekninga av to gavekort på Cafe De 4 Roser a kr 500.