Kommunal- og regionaldepartementet

Husleigetvistutvalet i Trondheim opna

Nyhet   •   okt 12, 2010 20:54 CEST

- Eg vonar at utleigarar og leigetakarar i Trondheim får glede av Husleigetvistutvalet. Det er eit godt verkty dersom partane ikkje blir samde om til dømes husleige, oppseiing av kontraktar og frigjeving av depositum. Det er eit godt, raskt og rimeleg alternativ til rettssak, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Statsråden sto for den offisielle opninga av Husleigetvistutvalet i Trondheim 12. oktober. Regjeringa følgjer opp lovnaden i Soria Moria II om å skipe husleigetvistutval i fleire byar. Tidlegare i år vart Husleigetvistutvalet i Bergen opna.

- Vi har særs god erfaring frå Oslo og Akershus, som har hatt husleigetvistutval sidan 2001. Eg vonar at Husleigetvistutvalet i Trondheim skal bli like vellukka. Husleigetvistar er oftast saker med låg økonomisk verdi, men som samstundes betyr mykje for dei det gjeld. Difor er det viktig at tvistar av denne typen kan avgjerast raskt, framfor at partane må inn i kostbare og tidkrevjande rettssaker, seier Navarsete.

Utvalet kan mekle og avgjere alle typar tvistar som gjeld leige av bustad i Trondheim kommune. Det gjeld til dømes oppseiing, spørsmål knytt til husleigas storleik, vanlege gjeldssaker, tvistar ved opphøyr av leigetilhøvet og frigjeving av depositum. Utvalet tilbyr kort sakshandsamingstid og låge kostnader. Tvisteløysarane har spesialkompetanse innan husleigerett og konfliktmekling.

Både utleigarar og leigarar kan bringe saker inn for utvalet, anten skriftleg eller munnleg. Den som bringer saka inn, må betale eit gebyr på 860 kroner. Dersom mekling ikkje fører fram, vil saka bli avgjort av utvalet.

Utvalet i Trondheim trer i kraft frå 1. oktober. Saker som høyrer inn under Husleigetvistutvalet skal ikkje lenger handsamast av forliksrådet.

Geir Morten Løkken er tilsett som leiar av Husleigetvistutvalet i Trondheim.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.