Landbruks- og matdepartementet

Inn på tunet: Satsar på bonden i omsorgssektoren

Nyhet   •   feb 09, 2010 17:11 CET

Inn på tunet: Norske gardsbruk tilbyr grøn omsorg og tek på seg nye samfunnsoppgåver. No satsar regjeringa 18 millionar kroner over tre år for å auke tilbodet og gjere kommunane meir medvetne om det når dei lagar sine planar og strategiar.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete står tirsdag 9. februar for lanseringa av ”Inn på tunet-løftet”.

- Bonden tilbyr samfunnet å vere med og løyse viktige omsorgs-oppgåver i åra framover for både unge og vaksne i ulike livs-situasjonar. Dette gjev også nye arbeidsplassar på garden. Derfor lanserer vi no ”Inn på tunet-løftet” - ei heilt ny satsing i kommunane, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.


Inn på tunet: Norske gardsbruk tilbyr grøn omsorg og tek på seg nye samfunnsoppgåver. No satsar regjeringa 18 millionar kroner over tre år for å auke tilbodet.
Foto: Torbjørn Tandberg

Større breidde i dei kommunale tenestene
- Inn på tunet er viktig for å utvikle omsorgstilbodet i kommunane og få ei større breidde i dei kommunale tenestene. Vi må tenke nytt kring omsorg. Inn på Tunet er og med på å styrke samspelet mellom garden/bonden og lokalsamfunnet. Dette skal vere med å gi grøn omsorg, grøne arbeidsplassar og grøn læring, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Fylkesmann i Oslo og Akershus Hans J. Røsjorde, Oslo-ordførar Fabian Stang og byråd Sylvi Listhaug var til stades under markeringa. Det var også representantar frå Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Innovasjon Norge, NAV og Kirkens Bymisjon.

- Det er imponerande at 800 gårdsbruk alt har åpna tuna sine. Det arbeidet som nå blir sett i gang, vil gi eit enda betre tilbod, sier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Politisk løft
”Inn på tunet-løftet” er ei 3-årig satsing retta mot kommunane og eit nasjonalt politisk løft for å fremje lokalt, regionalt og nasjonalt samarbeid på området.

Totalt er det sett av 18 millionar i prosjektmidlar til kommunane over en 3-årsperiode. 15 millioner kroner kjem frå Landbruks- og matdepartementet over jordbruksavtalen medan Kommunal- og regionaldepartementet går inn med 3 millioner kroner. Satsinga vil styrke arbeidet med tenesteutviklinga i kommunane, og vil verke til å forankre Inn på tunet i kommunale planar og strategiar.

Skjerven gård i Maridalen tilbyr i dag eit mangfald av Inn på tunet-tilbod blant anna til skoleklasser og demente. Oslo kommune eig garden, som blir dreve av Tori og Jon Ivar Bakke.

Inn på tunet: Norske gardsbruk tilbyr grøn omsorg og tek på seg nye samfunnsoppgåver. No satsar regjeringa 18 millionar kroner over tre år for å auke tilbodet og gjere kommunane meir medvetne om det når dei lagar sine planar og strategiar.