Kommunal- og regionaldepartementet

Innherred samkommune godkjent i to nye år

Nyhet   •   des 18, 2009 08:28 CET

Levanger og Verdal kommunar får fortsette samarbeidet sitt i Innherred samkommune i to nye år. Kommunaldepartementet arbeider med å lovfeste samkommunemodellen.


- Eg har ei grunnleggjande tru på interkommunale løysingar. Innherred samkommune har vore ein grensesprengjar. Samkommunar er ein modell for framtida, og eg ønskjer å leggje til rette for at kommunane skal ha reell valfridom til å handtere kommande utfordringar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Levanger og Verdal har hatt eit tett og forpliktande samarbeid i snart seks år. I samband med utvidinga av forsøket har kommunane inngått eit enda meir omfattande samarbeid.

- Mange stader i landet er det naudsynt at kommunane samarbeider for å løyse oppgåver på ein god måte. Samkommunemodellen legg godt til rette for dette. Eg vonar og trur at resultatet av samarbeidet blir betre tenester for den einskilde innbyggjar i Innherred, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet tek sikte på å sende ut eit høyringsnotat med framlegg til reglar for ein samkommunemodell i løpet av våren  2010.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.