Fiskeri- og kystdepartementet

Innspel til betre havbruksregelverk

Nyhet   •   sep 09, 2010 09:29 CEST

- Eg ønskjer regelverk og krav som er enklare for oppdrettarane i kvardagen, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen. Difor inviterer no departementet til møte med oppdrettarane for å få gode innspel.

Fiskeri- og kystdepartementet ønskjer heile tida å gjere regelverket betre for å leggje til rette for lønnsemd og konkurransekraft. – Det er samtidig avgjerande at omsynet til for eksempel miljø og fiskehelse blir teke minst like godt vare på som i dag. På lang sikt er miljømessig berekraft ein føresetnad for effektiv drift, seier Berg-Hansen.

- Eg ønskjer innspel frå næringsaktørane sjølve fordi dei veit kvar skoen trykkjer, og kan komme med gode, praktiske forslag, seier Berg-Hansen. I denne omgang legg departementet særleg vekt på laks, regnbogeaure og torsk. Møtedeltakarane vil møte embetsverket i departementet og representantar for Mattilsynet og Fiskeridirektoratet. Møta – eitt i Bergen og eitt i Tromsø – skal haldast i slutten av september, og desse er inviterte:

Bergen
Vibecke Bondø, Vikna Sjøfarm AS
Kenneth Brandal, Atlantic Cod Farms
Nils Arve Eidsheim, Sjøtroll Havbruk AS
Erik Osland, Osland Havbruk AS
Bård Skjellstad, Aqua Gen AS
Marit Solberg, Marine Harvest
Elin Tveit Sveen, Marø Havbruk AS

Tromsø
Ken Bekkeli, Salaks
Tor Anders Elvegård, Nordlaks AS
Tor-Arne Gransjøen, Sundsfjord Smolt
Johnny Opdahl, Mainstream Norway
Odd Stteinsland, Nova Sea AS
Arnfinn Torgnes, Fjord Marin AS
Geir Wenberg, Salten Stamfisk AS

Blant dei ting departementet spesielt ser for seg å få innspel på er:
- Søknadsprosess (inkl. søknadsskjema med vedlegg)
- Journalføring og rapportering
- Tilsyn og kontroll
- Regelverksforenkling og samhandling

Dei som ikkje er inviterte til møta, har høve til å sende inn forslag til forbetringar på .

Kontakt:
Pressevakt 22246699
Avdelingsdirektør Martin Bryde, 22 24 64 78