Kommunal- og regionaldepartementet

Innvandring gir vekst i folketalet

Nyhet   •   nov 21, 2011 11:19 CET

Tal frå SSB for dei tre fyrste kvartala i 2011 syner at auken i folketalet i Noreg held fram.

Tala syner vekst i folketalet i 309 av dei 430 kommunane i landet. Dette er sju meir enn i fjor, og det høgste talet for dei tre fyrste kvartala i perioden 1998–2011. Alle fylka hadde vekst i folketalet.

Av dei minst sentrale kommunane i landet hadde 95 av 177 kommunar vekst i folketalet dei tre fyrste kvartala i år. Dette er det nest høgste talet på kommunar i mindre sentrale område med vekst dei tre fyrste kvartala dei siste 14 åra. Som i fjor var det òg samla sett vekst i folketalet i desse områda.

For det distriktspolitiske verkeområdet var flytteoverskotet på 3 200 personar, etter at 41 500 hadde flytta inn og 38 300 flytta ut.

- Tala syner at flyttestraumane går begge vegar og at dei er jamstore. Eg meiner at det er naudsynt å sjå bak dei små nettotala når vi diskuterer flytting, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Innvandringa står for heile to tredjedelar av folketalsveksten på landsbasis. Takka vere innvandringa, fekk heile 63 distriktskommunar vekst i folketalet.

- Vi ser at den positive utviklinga med vekst i befolkninga i heile landet held fram. Innvandringa betyr mykje for veksten i dei minste kommunane i Noreg. Eg gler meg over at veksten i befolkninga kjem i heile landet, frå storby til småsamfunn, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
 
I 2010 var talet på kommunar som hadde folkevekst, det høgaste sidan 1962, men om vi ser utviklinga i høve til talet på kommunar i landet, har det ikkje i noko år i perioden 1951–2010 vore fleire kommunar med vekst.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00