Kystverket

Isprognosar kjem snart

Nyhet   •   jan 18, 2010 09:33 CET

Kystverket har fått eit positivt svar på førespurnaden til Meteorologisk Institutt om iskart over Skagerrak basert på avansert satellittinformasjon. Slike kart og enkle prognosar kan ligge føre om kort tid.

– Vi tek sikte på å setje i gong ei detaljert iskartlegging for Oslofjorden og Skagerrak. Den er basert på optisk informasjon frå vêrsatellittar (oppløysing ca. 1 km) og radardata frå RADARSAT (oppløysing 100–150 m), opplyser meteorologidirektør Jens Sunde til Kystverket.

Han er også i kontakt med havmoduleringsforskarar om isprognosar.

– Forskarane har ein numerisk varslingsmodell med 4 km oppløysing som gir støtte for å utarbeide kvalitative isprognosar. Istenesta i Tromsø vil nytte erfarne meteorologar til kvalitativ varsling basert på empiriske metodar og modellvarsel, fortel Sunde.

– Dette er gledeleg. Ei betra iskartlegging og varsling kjem både oss og andre til gode, fastslår Arve Dimmen, direktør for Kystverkets sjøsikkerheitsavdeling.

– Korleis dette vert formidla vidare – om det er noko vi legg ut på våre nettsider eller om ein skal gå inn på Meteorologisk Institutt sine sider – er noko vi vil kome attende til seinare, avsluttar Dimmen.

Lenkjer: