Landbruks- og matdepartementet

Jordbruk: Endra reglar for råvareprisar

Nyhet   •   jan 12, 2010 14:19 CET

Jordbruk: Frå nyttår er dei to ordningane som regulerer tilskot til eksport og prisnedskriving for bearbeidde matvarer erstatta av ei ordning. Fire forskrifter er no samla i ei forskrift som omhandlar råvareprisutjamning for bearbeidde jordbruksvarer.

10. juni 2009 fastsette Landbruks- og matdepartementet (LMD) ”Forskrift nr. 636 om råvareprisutjevning for bearbeidede jordbruksvarer” (Forskrift om råvareprisutjaminga). Den nye forskrifta gjeld frå 1. januar 2010.

Ordninga skal sikre avtak av norskproduserte jordbruksråvarer gjennom å kompensere for forskjellane i råvareprisar mellom Noreg og utlandet. Formålet med å utarbeide den nye forskrifta var å forenkle og samle regelverket.


Jordbruk: Frå nyttår er dei to ordningane som regulerer tilskot til eksport og prisnedskriving for bearbeidde matvarer erstatta av ei ordning.
Foto: Espen Bratlid, Samfoto

Statens landbruksforvaltning (SLF) skal ta hand om direktoratsoppgåver for Landbruks- og matdepartementet (LMD).

Jordbruk: Frå nyttår er dei to ordningane som regulerer tilskot til eksport og prisnedskriving for bearbeidde matvarer erstatta av ei ordning.