Landbruks- og matdepartementet

Jordbruk: Nye geitebønder på veg

Nyhet   •   des 20, 2009 23:27 CET

Jordbruk: I år var det for første gong mogleg å søke om kvote til nyetablering i geitmjølkproduksjonen. Statens landbruksforvaltning har motteke søknadar om til saman 380 000 liter geitmjølk.

Jordbruk - heile saka om geitmjølkproduksjonen hjå SLF
Partane i jordbruksoppgjeret har i år satt av 150 000 liter kvote til nyetablering i geitmjølkproduksjonen. Dette betyr at bønder som ønskjer å byrje med geitmjølkproduksjon, men som ikkje har kvote frå før, har høve til å kome seg inn i næringa.

Statens landbruksforvaltning har motteke åtte søknadar om til saman 380 000 liter frå seks ulike fylker. Etterspurnaden etter geitmjølkkvote til nyetablering er dermed stor samanlikna med den kvoten som er satt av til ordninga.

Jordbruk: Statens landbruksforvaltning har motteke søknadar om til saman 380 000 liter geitmjølk.