Justis- og politidepartementet

Justisministeren vitjar trafikkontroll tysdag

Nyhet   •   sep 06, 2010 17:02 CEST

I tillegg til farts- og promillekontroll, bidreg Utrykningspolitiet i aukande grad til å kontrollere etterlyste bilar og pågripe mobile bandar. UP speler slik ei stadig viktigare rolle i Regjeringa si offensiv mot mobil vinningskriminalitet.

Statsråd Knut Storberget vil vere til stades og blant anna få demonstrert utstyr for gjenkjenning av nummerskilt under Utrykningspolitiet sin kontroll på E16 ved Nyveien (rasteplass rett etter Sollihøgda i retning Hønefoss) tysdag 7. september frå kl. 10:45.

Pressa er velkomen.

Pressekontakt: Steffen Aagedal 40 84 51 95