Fiskeri- og kystdepartementet

Klimavennleg norsk sjømat

Nyhet   •   jan 19, 2010 09:04 CET

- Det er gledeleg at norske sjømatprodukt kjem så gunstig ut som dei gjer i berekningane som er gjort om maten sine klimaspor.

Sjølv om norske sjømatprodukt er konkurransedyktige når det gjeld karbonavtrykk og energibruk, er dette eit arbeid der vi aldri kjem i mål, men heile tida må halde fram for å gjere resultatet enno betre. Det er veldig bra at Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond (FHF) har finansiert dette prosjektet, og etter det eg forstår, vil halde fram med arbeidet, uttalar fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

På oppdrag frå Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond har Sintef i samarbeid med Universitetet i Trondheim og det svenske Institutt för Livsmedel og Bioteknik laga rapportenCarbon footprint and energy use of Norwegian seafood products.

Rapporten slår ikkje berre fast at norsk sjømat er klimavennleg. Han seier også korleis fiskeri- og havbruksnæringa kan gjere dei gode resultata endå betre.  Blant anna kan meir foredling i Noreg spare miljøet. Då går det mindre drivstoff til transport og biprodukta frå fisken kan utnyttast betre.

Berekningane som no er laga, kan også fungere som pådrivar for at eldre kjølesystem vert skifta ut med moderne anlegg utan klimagassen freon, og redusere energibruken i norsk fiskeri- og havbruksnæring. - Slik vil aktørane i norsk fiskeri- og havbruksnæring kunne bidra til å redusere klimagassutsleppa. Og sjømaten sine klimaspor vert stadig gunstigare, seier Berg-Hansen.