Justis- og politidepartementet

Kortare innreiseforbod i utvisningssaker som råkar barn

Nyhet   •   feb 17, 2011 10:49 CET

Justisdepartementet har vedteke ei endring i utlendingsforskrifta som gjer at innreiseforbodet i saker som råkar barn vert kortare.

- Justisdepartementet har vedteke ei endring i utlendingsforskrifta § 14-2. Endringa går ut på at personar som vert utvist på grunn av brot på utlendingslova, som hovudregel ikkje skal påleggjast meir enn to års innreiseforbod dersom vedkomande har barn i Noreg. Dette vil medføre at det i mange saker vil bli pålagt kortare innreiseforbod enn kva som er praksis i dag, seier statssekretær Pål K. Lønseth.

Bakgrunnen for endringa er at EUs returdirektiv er gjennomført i norsk rett, og at det i den samanheng er innført ein hovudregel om maksimalt fem års innreiseforbod i visse saker. Det følgjer ikkje av returdirektivet at det skal gjelde ein mildare regel i saker som råkar barn. Justisdepartementet meiner likevel at omsynet til barnets beste tilseier at innreiseforbodet i slike saker normalt ikkje bør overstige to år.

Regelen gjeld berre dersom den utviste personen i lengre tid har budd fast saman med barnet eller har utøvd samvere av eit visst omfang, og skal halde fram med å bu saman med eller vidareføre samveret med barnet. Vidare gjeld regelen ikkje for personar som er utvist på grunn av brot på straffelova eller av omsyn til grunnleggjande nasjonale interesser.