Miljøverndepartementet

Kunnskapsseminar om villaks og oppdrettslaks 2.desember

Nyhet   •   nov 30, 2010 09:56 CET

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen inviterer til kunnskapsseminar om villaks og oppdrettslaks torsdag 2. desember. Arrangementet er ope for pressa og spesielt inviterte.

Føremålet med seminaret vil vere å belyse kunnskapsgrunnlaget om utfordringane for villaksen som fylgje av oppdrettsverksemd. Relevante fagetatar og forskningsinstitutt samt andre interesserte er inviterte.

Vetenskapeleg råd for lakseforvaltning vil innleiingsvis gjere greie for situasjonen for og truslane mot villaksen. Kunnskapsinstitusjonane Norsk institutt for naturforskning, Havforskningsinstituttet og Veterinærinstituttet vil etter det utdype kunnskaps¬grunnlaget om utfordringane for vill anadrom laksefisk som fylgje av akvakulturverksemd.

Departementsråd Harald Rensvik i Miljøverndepartementet leiar seminaret. Dagsorden er:

1000-1010 Velkommen
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim
Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen 1010-1030 Om situasjonen for og truslane mot vill anadrom laksefisk i Norge
Vetenskapeleg råd for lakseforvaltning v/leiar Torbjørn Forseth 1030-1110 Kunnskapsgrunnlaget om påverknad frå akvakultur på vill anadrome laksefisk
Norsk institutt for naturforskning
Havforskningsinstituttet
Veterinærinstituttet 1110-1145 Oppsummerande diskusjon og spørsmål
Innledende kommentarer ved Fiskeridirektoratet, Mattilsynet og Direktoratet for naturforvaltning 1145 Avslutning
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim
Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

Statsrådane vil vere tilgjengelege for separate intervjuar frå 1150 til 1200

Pressekontaktar: Kommunikasjonssjef Jon Berg i Miljøverndepartementet, tlf 90569495, , og kommunikasjonssjef Anne-Berit Herstad i Fiskeri- og kystdepartementet, tlf 97081533,

Stad: Konferansesalen hos Riksantikvaren, Dronningensgate 13 Oslo