Samferdselsdepartementet

Kystrute Bergen - Kirkenes: Endeleg frist for tilbod

Nyhet   •   nov 02, 2010 09:27 CET

Samferdselsdepartementet har i dag fastsett 8. november 2010, klokka 1200, som endeleg frist for levering av tilbod i konkurransen om drift av kystrute Bergen – Kirkenes.

Tidlegare frist var 29. oktober i år. Endringa av tilbodsfristen har samanheng med at det vart stilt spørsmål om vilkår i konkurransen. For å kunna svara på spørsmåla måtte det hentast inn opplysingar frå Hurtigruten ASA, og siste  brev med svar kom frå selskapet til departementet 26. oktober i år.

Samferdselsdepartementet har så den 27. oktober i år svara på desse spørsmåla. Etter regelverket for konkurransen skal det vera 10 dagar frå svara er mottekne til frist for levering av tilbod.