Landbruks- og matdepartementet

Landbruk i fjellbygdene

Nyhet   •   feb 04, 2011 09:12 CET

Fjellbygdene produserer landbruksprodukt av unik kvalitet. Vi må ha ein landbrukspolitikk som legg til rette for regionale fortrinn, seier Olav Ulleren, departementsråd i Landbruks- og matdepartementet.

Olav Ulleren innleidde nyleg på eit seminar på Bioforsk Aust Løken med tema; Landbruk i fjellbygdene.

- Skal vi nå ambisjonane om bruk og vern, biologisk mangfald, lokal forvalting og natur- og kulturbasert verdiskaping, så treng vi eit samarbeid og eit samspel mellom styresmaktene, næringsliv og forsking. I denne samanhengen er Bioforsk Løken ei viktig brikke, sa Ulleren i sitt innlegg.


Departementsråd Olav Ulleren.
Foto: Torbjørn Tandberg

Løken eit knutepunkt
Bioforsk Løken har som mål å bli eit naturleg knutepunkt for forskning og utviklingsarbeid innom fjellandbruket der både agronomi, bruk i verna område og grøn turisme vil stå sentralt.


Fjellbygdene produserer landbruksprodukt av unik kvalitet. Foto: LMD