Landbruks- og matdepartementet

Landbruk og mat: Følg med og sei di meining

Nyhet   •   nov 30, 2011 10:12 CET

Ynskjer du å vera oppdatert på landbruks- og matpolitikken kan du nytte deg av eit gratisabonnement på nettsida til Landbruks- og matdepartementet. Vil du seie di meining om dei ulike sakene som leggast ut på nettet kan du gjera det på Facebook. Vi er der og.

Meiroffentlegheit
Landbruks- og matdepartementet har i dag fleire tusen abonnentar på ei dagleg nettbasert nyheitsteneste.

Nytt moglegheita du og, og tips andre som vil vera oppdatert på landbruks- og matpolitikken. Du får ei "nyheitspakke" ca kl 14.00 kvar dag med fleire aktuelle saker frå departementet og våre underliggande verksemder. Og skulle du bestemme deg for å "hoppe av", er det gjort med eit tastetrykk.