Nærings- og handelsdepartementet

Landsmøtet i Industri Energi

Nyhet   •   okt 14, 2010 09:03 CEST

- Noreg er ei grøn øy i havet av arbeidsløyse rundt oss. Vi er eit lite land. Vi kan ikkje bli best på alt, men vi kan bli best på noko, sa nærings- og handelsminister Trond Giske på landsmøtet for Industri og Energi.

Bibelsitat og bestillingar ”frå golvet” hagla under dag to av Landsmøtet for Industri og Energi, der nærings- og handelsminister Trond Giske var ein av innleiarane. Han etterfølgde LO-leiar Roar Flåthen, som starta det heile med ei påminning til salen.

- Dette er sjansane sitt land, vi har vunne i Lotto vi som bur her. Kvifor er Noreg annleislandet når det gjeld velferd og sysselsetjing? Jo, fordi vi har ført en rettferdig politikk og utnytta ressursene våre. Men kva gjer vi no når vi ønskjer at dette skal vere utviklinga framover? Det kjem ikkje av seg sjølv, sa Flåthen.

Lyttar til næringslivet

Giske følgde opp med å understreke at når LO-taler, så lyttar regjeringa. Men dei lyttar også når aktørene henvender seg direkte. Og signala Nærings- og handelsdepartementet fekk etter at byråkratiet var ute i praksis, tyder på at ein annan offentleg tone er ønskt frå næringslivet.

- Tilsett og eigarar i industribedrifter er leie av alltid å høyre om at industrien i Noreg snart er død, at desse arbeidsplassane snart vert flagga ut, og at vi skal drive med alt anna enn industriproduksjon i Noreg. Dei opplever ein negativ omtale som hindrar unge menneske i å velje ein karriere i industrien: Kvifor satse på ei næring som snart er borte? Fortset denne omtalen, ja, då blir spådomen om industridaue ein sjølvoppfyllande profeti, sa statsråden.

Han viste vidare til at vi har klart oss gjennom den tøffaste krisen på 70 år, sjølv om industrien er ein av sektorane som har fått kjenne dette hardast på kroppen.

- Industrien er eit termometer på den økonomiske situasjonen til verda, vi kan berre sjå på råvareprisane for å sjå korleis verda sin helsetilstand er. Og i denne situasjonen har spekulantar håva inn store bonusar. Men no har vi sett at finanskapitalen berre bør vere eit stillas som støttar opp om realkapitalen, sa Giske.

Tillitsvalde for ei rekkje bedrifter hadde likevel ei rekkje uroer å lufte og kom inn på tema som utflagging, manglande forutsigbarhet for møbelbransjen, energiregime og statleg eigarskap.

Tydeleg om eigarskap

Med ei eigarskapsmelding på trappene, blei også staten si rolle som eig eit tema for landsmøtet. Her var statsråden klar i talen sin.

- Somme meiner vi bør liggje unna desse selskapa vi eig, at vi ikkje bør ha noka meining om styremedlemene eller noko krav til styret. Ja, då seier eg at den dagen Stein Erik Hagen eller Kjell Inge Røkke begynner å sjå på styra sine på denne måten, ja då, skal staten gjere det same. Inntil då skal vi vere like tøffe og like tydelege som ein kva som helst privat eigar, sa Giske.