Kommunal- og regionaldepartementet

Liv Signe Navarsete gratulerer Os kommune

Nyhet   •   nov 22, 2011 13:45 CET

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete gratulerer Os kommune med førsteplassen i konkurransen ”Årets lokale klimatiltak 2011”.

- Det gler meg stort at det skjer så mykje bra på miljøfronten i norske kommunar. Norske kommunar er både nytenkjande og medvitne ansvaret for å bidra til å redusere klimautsleppa våre. Samtidig legg dei til rette for gode miljø lokalt.

Gratulasjonane går både til Os kommune som fekk førsteplassen, til Røyken på andreplass og til Elverum på tredjeplass. Eg håpar prosjekta desse tre kommunane har vil inspirere andre kommunar landet rundt til også å gjere ein innsats for miljøet, seier Liv Signe Navarsete.