Forsvarsdepartementet Norge

Meir ammunisjon til Hæren

Nyhet   •   okt 25, 2010 09:38 CEST

Forsvarsdepartementet vil styrke skyteutdanninga i Hæren, og tilfører Hæren 50 mill. kroner ekstra for å skaffe meir ammunisjon til utdanning av befal, verva og mannskap.

Tildelinga styrker Hærens driftsbudsjett i 2010, og er blitt mogleg på grunn av uventa inntekter på andre budsjettposter.

- Det er viktig at soldatane i Hæren får meir skytetrening, og den ekstra tildelinga vil heve skyteutdanninga i Hæren, seier forsvarsminister Grete Faremo.

Den ekstra tildelinga vil bidra til å styrke skyte- og feltutdanninga i Hæren ved at den gjer det mogleg å gjennomføre skyteøvingar opp mot kompaninivå. Når Hæren i tillegg slepp ekstra ammunisjonskostnader til trening før operasjonar i utlandet, vil skyteutdanninga i Hæren hevast til et betydelig høgare nivå.

Fleire avdelingar i Hæren har allereie god tilgang på ammunisjon. Eksemplar er grensevakta, garden, krigsskulen og andre skuleavdelingar samt dei styrkane som forbereder seg på operasjonar i bl.a. Afghanistan. Å auke Hærens ammunisjonsanskaffingar vil bidra til å løfte også dei andre avdelingane i Hæren, og vil innebere meir øvingsskyting under feltmessige forhold for Hærens avdelingar i Indre Troms og i Østerdalen.