Arbeidsdepartementet

Midlar til prosjekt om arbeid og velferd

Nyhet   •   sep 28, 2010 09:18 CEST

Prosjekt som utviklar ny kunnskap innan deltaking, velferd, nærvær og fråvær i arbeidslivet kan søkje midlar for 2011 gjennom FARVE-programmet. Søknadsfristen er 1. november 2011.

FARVE skal gjennom forsøks- og forskingsprosjekt auke kunnskapen og kunnskapsformidlinga om korleis måla innan arbeids- og velferdspolitikken kan nåast på ein betre måte.

Satsingsområda for 2011 vil vere utvikling av arbeidsmarknads- og velferdspolitikken og verkemiddelsapparatet på NAV sitt ansvarsområde. Vidare vil måla i intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv og protokollen mellom partane i arbeidslivet og myndigheitene vere sentrale område.

For meir informasjon: www.nav.no/farve.