Samferdselsdepartementet

Miljøkrav i EU-direktiv skal bidra til å redusera klimagassutslepp

Nyhet   •   nov 25, 2010 17:03 CET

- Nye miljøkrav knytt til offentlege innkjøp av køyretøy skal bidra til å fremja omsetninga av bilar og bussar med låge utslepp og lågt energiforbruk. Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at regjeringa truleg vil innføra eit EU-direktiv om fremje av reinare og meir energieffektive køyretøy i norsk rett i siste halvdel av 2011.

- Etter ein jamn auke sidan 2000, har det i 2008 og 2009 vore ein gledeleg nedgang i klimagassutsleppa frå vegtrafikken. Avgiftsregulering, lågare utslepp frå nye personbilar, og krav til innblanding av biodrivstoff, har bidratt til reduksjonen. Resultata tyder på at tiltaka frå regjeringa verkar . Innføringa av EU-direktivet er eitt nytt verkemiddel for å møta klimautfordringane innanfor transportsektoren, seier samferdselsministeren. 

Direktivet gjeld offentlege innkjøp av køyretøy, innkjøp utført av private operatørar som har kontrakt om offentleg teneste i høve til kollektivtransportforordninga og innkjøp føretatt av rutebusselskap . 
Miljøomsynet i EU-direktivet omfattar energiforbruket og utslepp av CO2 og forureinande gassar frå køyretøya.

Medlemsstatane i EU har i utgangspunktet fått to alternativ til gjennomføring av tiltak som oppfyller miljøkrava i direktivet. Det kan stillast minimumskrav til energi- og miljøeigenskapane til køyretøya, eller det reknast inn energi- og miljøkostnader når ein skal vurdera tilbod om kjøp av køyretøy. Ein kombinasjon av dei to kan òg vera ei mogleg løysing i Noreg. Samferdselsdepartementet har bede Vegdirektoratet om eit framlegg til kva for kriterium som skal leggjast til grunn.

- Innføringa av direktivet vil auka konkurransedugleiken til mellom anna elbilar og hybridbilar, fordi dei har låge miljøkostnader. Når det gjeld offentlege innkjøp av personbilar, står kommunane for den største delen, til dømes til bruk i heimetenesta. Med innføringa av direktivet vil vi om nokre år forhåpentleg sjå auka bruk av miljøvennlege bilar ved offentlege institusjonar i heile landet,  seier samferdselsministeren.

Regjeringa tar sikte på å senda ut eit framlegg om regelverksendringar på høyring tidleg i 2011. Samferdselsdepartementet legg opp til at direktivet blir innført gjennom ei ny føresegn med heimel både i lov om offentlege innkjøp og i yrkestransportlova. Samferdselsdepartementet reknar det som naudsynt å endra yrkestransportlova for å gi tilstrekkeleg føresegnsheimel. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet vurderer behovet for tilsvarande endringar i lov om offentlege innkjøp.

EU-direktivet om fremje av reinare og meir energieffektive køyretøy blei vedtatt av Parlamentet og Rådet 24. mars 2009.Direktivet er rekna for å vera EØS-relevant, men er enno ikkje innlemma i EØS-avtalen.



For fleire opplysningar  – sjå:

• Brev av 5. november 2010 frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet