Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet utnemner i dag nasjonalparkstyre som skal forvalte Breheimen nasjonalpark

Nyhet   •   nov 18, 2010 13:44 CET

Dette er eit ledd i innføringa av den nye forvaltningsmodellen for verneområde. Kommunane og fylkeskommunen får gjennom deltaking i nasjonalparkstyret ansvaret for å forvalte store nasjonale verdiar.

- Det er særs gledeleg at Lom, Luster og Skjåk kommunar samen med Skjåk Almenning, Oppland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ta ansvar med å ivareta dei unike naturverdiane i Breheimen nasjonalpark. Nasjonalparkstyret får eit stort ansvar på vegne av heile nasjonen for å forvalte viktige nasjonale og internasjonale naturverdiar, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Oppnemning av nasjonalparkstyret skjer etter at miljø- og utviklingsministeren i desember 2009 inviterte alle kommunar med nasjonalparkar og andre store verneområde til å delta i forvaltninga av verneområda innanfor sine grenser.

Nasjonalparkstyret for Breheimen nasjonalpark vil bestå av, Simen Bjørgen frå Lom kommune, Torodd Urnes frå Luster kommune, Rolv Kristen Øygard frå Skjåk  kommune, Rannveig Brennhaug frå Skjåk Almenning, Anne Marie B. Jøranli frå Oppland fylkeskommune og Jorunn Eide Kirketeig frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Nasjonalparkstyret skal gjere vedtak og gjennomføre tiltak innafor ramma av verneforskriftene slik at naturverdiane i nasjonalparken vert sikra for komande generasjonar.

Innføringa av denne nye forvaltningsmodellen for verneområda skjer på bakgrunn av regjeringa sitt framlegg i Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon for 2010 (Prop. 1 S (2009-2010)). Stortinget har slutta seg til dette. Tilsvarande styrer for nasjonalparkar og andre store verneområde elles i landet, vert oppnemnd fortløpande.