Nærings- og handelsdepartementet

NHH vil bli best i Europa

Nyhet   •   okt 14, 2010 09:05 CEST

Noreg sin Handelshøyskole tek mål av seg å bli den beste forretningsskulen i Europa. Ein tiårig strategi skal førebu vegen. - Eg roser NHH for ambisjonane og for innhaldet i handlingsprogrammet, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

Ført av Idar Kreutzer, konsernsjef i Storebrand, og rektor Jan I. Haaland, troppar NHH sin næringskomité opp i nærings- og handelsdepartementet med følgjande ublyge melding: NHH vil bli best i Europa. Og dette skal ikkje skje som ved eit trylleslag, men gjennom eit tiårig, tredelt handlingsprogram, NHH 2021, som komitéen har stått sentralt i å yte til.

- Dette er det motsette av eit jippo. Ingen av oss var interessert i å sitje i ein festkomié for å arrangere eit svært party på NHH i samanheng med neste år sitt 75-årsjubileum, men å lage ein handlingsplan for å få NHH til å bli ein av Europas beste handelshøgskular er noko alle medlemer av komitéen faktisk har prioritert, seier Kreutzer.

- Eg finn det unødvendig at norske handelshøgskular figurerer under svenske og danske konkurrentar på internasjonale rankingar. Fleire norske utdanningsinstitusjonar burde setje seg høgare mål. Å spisse satsinga slik NHH no gjer er heilt riktig tenkt. Det er klart at mange norske institusjonar kunne utnytte ressursane sine betre enn dei gjer i dag, svarde nærings- og handelsminister Trond Giske.

Ei stor utfordring

I eit år har næringskomitéen jobba i løynd med å få handlingsprogrammet på plass. Komitéen består av Kreutzer, departementsråd Elisabeth Berge, ved Olje- og energidepartementet, Helge Lund, konsernsjef i Statoil, Erik Mamelund, administrerande direktør i Ernst & Young, Katrine Trovik, divisjonsdirektør i DNB NOR og Jens Ulltveit-Moe, konsernsjef i UMOE Alle er tidlegare NHH-studentar.

- Noko av utfordringa dykkar blir å spisse programmet tilstrekkeleg. Men det er ei spennande satsing. Nærings- og handelsdepartementet er med og finansierer det femårige satsingsprogrammet ”Krise, omstilling og vekst” som også inngår i programmet, seier Giske.

Kreutzer ønskte spesielt å presentere handlingsprogrammet for statsråden, nett fordi Giske etterlyste ein slik tankegang både då han var kunnskapsminister (2000-2001) og frå sin noverande posisjon.

- Dette er, som komitéen sjølv peiker på, eit svar på oppfordring om å byggje tettare samarbeid med næringslivet og å styrkje kvaliteten på undervisning og forsking gjennom interne initiativ, betre organisering og ressursutnytting, seier Giske.