Miljøverndepartementet

Noreg foreslår tre ekstra forhandlingsmøte

Nyhet   •   feb 16, 2010 17:15 CET

Noreg foreslår at det blir arrangert tre ekstra klimaforhandlingsmøte før klimatoppmøtet i Mexico i desember. Dette har Noreg meldt inn til FNs forhandlingsleiing.

Ordinært er det planlagt eit 14 dagars forhandlingsmøte i Bonn 31. mai -11. juni før konferansen i Mexico 29. november - 10. desember. Alle land vart bedne om å melde inn sine innspel til forhandlingsprosessen med framlegg om eventuelt fleire møte innan 16. februar.

Noreg foreslår å ha eit kort møte på to-tre dagar før møtet i Bonn, hovedsakeleg for å fokusere på framdrift i prosessen. Dessutan ønskjer Noreg to møte i haust, kvart på ei veke.

Avgjerda om kor mange møte som skal haldast, vil truleg bli teken i slutten av februar.

Her er brevet frå Noreg til FNs forhandlingsleiarar (engelsk)