Forskningsrådet

Norsk ERA-forum: Må auke tempoet mot 2020

Nyhet   •   feb 25, 2010 23:53 CET

Både EU og Noreg må auke innsatsen for at Det europeiske forskingsområdet (ERA) skal bli fritt for barrierar innan 2020. Det sa Anneli Pauli i Europakommisjonen då ho vitja Norsk ERA-forum.

– For å nå måla om fri flyt av forskarar og kunnskap i Europa innan 2020, må utviklinga mot ERA heilt klart skje fortare enn det vi har sett fram til no, understreka nestleiar Anneli Pauli i Generaldirektoratet for forsking i Europakommisjonen, då ho var i Oslo på Norsk ERA-forum i forrige veke.

Anneli Pauli (Foto: Ingebjørg Aadland) Samstundes rosa Pauli det norske engasjementet for eit felles europeisk forskingsområde.
– ERA er eit konsept som er avhengig av forpliktande engasjement, og det blir lagt merke til i EU at Noreg jobbar aktivt for å fremje ERA, understreka ho.

Initiativa frå Europakommisjonen

Anneli Pauli var invitert frå Brussel for å fortelje om kva Europakommisjonen gjer for å gjennomføre ERA. Kommisjonen har oppretta fem arbeidskomitear som skal få fortgang i Det europeiske forskingsområdet:

  • Ei stor felleseuropeisk satsing på infrastruktur (ESFRI)
  • Felles velferdsgode og innsats for auka forskarmobilitet (Better Careers and more mobillity)
  • Store europeiske fellesprogram (Joint Programming)
  • Samarbeid med land utanfor EU (Internasjonalt samarbeid)
  • Kunnskapsoverføring og IPR.

Pauli var klar på at EU-landa har fått drahjelp av den nye traktaten.
- No står det svart på kvitt i Lisboatraktaten at ERA er eit mål. I Noreg får de ingenting gratis gjennom EU-medlemsskap, så det er ekstra viktig at de er frampå, understreka Pauli. Ho framheldt også at Noreg er meir aktive mot ERA enn mange EU-medlemmer.

Kommisjonsrepresentanten kalla seg sjølv optimist, og sa at ho må tru at ERA er utan barrierar i 2020. Ho passa på å invitere norske interessehavarar til å identifisere andre utfordringar og metodar for å fremje ERA.

Forskingsadministrasjonen må gå føre

Arvid Hallén og Anneli Pauli (Foto: Ingebjørg Aadland) – Vi som jobbar med forskningsadministrasjon skal vere pådrivarar for ERA, og ikkje ein propp i systemet, sa administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet i sitt innlegg på ERA-forum. Han la vekt på at ERA er viktig for å klare å møte dei store samfunnsutfordringane i verda, klima, energi, mat og helse.

Hallén viste til den nye strategien for internasjonalt samarbeid som Forskingsrådet no har sendt ut på høyring. I den blir det gjort klart at utviklinga av ERA får stor innverknad på mange ulike område av arbeidet til Forskingsrådet:

  • Programdrifta
  • Prioriteringane for nasjonal infrastruktur.
  • Opphald for norske forskarar ved utanlandske institusjonar.
  • Forskningsrådet må tilretteleggje for betre rammevilkår for deltakinga til institusjonane i EU-forskningen.

Hallén poengterte i sitt innlegg at internasjonalt samarbeid er til det beste både for felleskapet og for Noreg.
– Norsk forsking er avhengig av enda større grad av internasjonalt samarbeid for å bli betre enn i dag.

Noreg kan ikkje vente

Kyrre Lekve (Foto: Ingebjørg Aadland) – Noreg må samarbeide om forsking fordi vi er så små, sa statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Kyrre Lekve på ERA-forum. Eit tydleg døme på dette er forskingsinfrastruktur: To store internasjonale infrastrukturar er planlagde i Noreg - desse ville vi aldri ha råd til å byggje for eigen bruk, men gjennom europeisk samarbeid er det mogleg. Han trekte også fram banebrytande medisinsk forsking som ikkje kunne vore finansiert i Noreg, men der norske forskarar no bidreg med viktig kompetanse.

Lekve sa seg nøgd med at mange utanlandske forskarar arbeidar i Noreg, men samstundes peika han på at vi er for dårlege til å reise ut.

– Vi må få forskarar til å reise til utlandet, og så må dei ta med seg internasjonale erfaringar og perspektiv tilbake til Noreg. ERA legg til rette for dette gjennom arbeidet for å finne felles velferds- og pensjonsordningar.

Norsk deltaking i EU-initiativa

Det er norske representantar med i alle dei fem komiteane som jobbar med initiativa Kommisjonen har sett i gong for å utvikle ERA. Under norsk ERA-forum gav dei norske komitemedlemmene statusrapportar for det som skjer innanfor kvart av områda. Presentasjonane frå foredredraga på Norsk ERA-forum 18.02.2010 kan du laste ned til høgre på sida.

Noregs forskingsråd og Kunnskapsdepartementet arrangerer årleg Norsk ERA-forum, for at interessentar og avgjerdstakarar i forskings-Noreg skal få oppdatering og høve til å diskutere kva som bør gjerast for å utvikle Det europeiske forskingsområdet.

– ERA-forum vektlegg strategisk dialog med fagmiljøa, seier direktør for internasjonalt samarbeid, Simen Ensby i Forskingsrådet. Det er eit klart mål å betre forskings- og innovasjonsmiljøa sine vilkår for internasjonal posisjonering, både som samarbeidspartnarar og konkurrentar. ERA-forum 2010 har vist at dei norske forskings-og innovasjonsmiljøa er godt orinterte om utviklinga av ERA, oppsummerer han.