Landbruks- og matdepartementet

Norsk rapportering av landbruksstøtte i WTO

Nyhet   •   nov 25, 2010 16:55 CET

Noreg har gått gjennom våre landbrukspolitiske tiltak i landbrukskomiteen i Verdens handelsorganisasjon (WTO). Særlege tilhøve i 2008 gjorde at ein oversteig den øvre grensa for handelsvridande støtte.

Torsdag 18. november handsama Landbrukskomiteen i WTO ei rekke notifikasjonar frå Noreg.  Alle land er forplikta til å legge fram slike rapportar. Dei norske rapportane som vart handsama i møtet i førre veke, omhandla:

  • internstøtte for 2008 og 2009 - korleis støtta er utforma og kor mykje støtte som er gitt
  • eksportstøtte for 2009 - kvantum som har motteke støtte og kor mykje støtte som er gitt
  • marknadstilgang for 2009 - kvantum som er importert innanfor tollkvoter til redusert toll
  • matvarehjelp for 2009 - kor mykje pengar Noreg har gitt bilateralt og gjennom internasjonale organisasjonar til matvarehjelp

  • Dei norske notifikasjonane finn ein på heimesida til WTO

Ved behandling i Landbrukskomiteen i WTO, kan dei andre medlemslanda stille spørsmål til landet som har lagt fram notifisering. I møtet 18. november var det fokus på at mellom andre Noreg i 2008 hadde overskride sine WTO-forpliktingar for handelsvridande støtte (såkalla gul støtte/AMS). Notifisert nivå på handelsvridande støtte er på 11 555 millionar kroner, medan den øvre grensa er på 11 449 millionar kroner. Mange land uttrykte uro over at forpliktingane har vorte overskridne for Noreg og to andre land, og for at dette kan skape inntrykk av at medlemslanda ikkje tek WTO-forpliktingane alvorleg.  Samstundes anerkjende dei same landa Noreg for å ha iverksett endringar for storfekjøtt som fører til at støttenivået i 2009 igjen er innanfor WTO-forpliktingane.

Noreg la i sitt svar vekt på at ein sjølvsagt respekterer WTO-forpliktingane og at desse forpliktingane blir lagt til grunn for dei årlege jordbruksforhandlingane. Det var særlege tilhøve i 2008 som gjorde at ein oversteig den øvre grensa for handelsvridande støtte.

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Alf Vederhus telefon 22 24 93 46.
Seniorrådgjevar Kjersti Sorteberglien telefon 22 24 92 21.