litteraturnett.no
Nye bondeforteljingar
Nyhet • aug 20, 2012 08:30 CEST
Langs ein grusveg vest i landet. Kvar dag langs denne grusvegen. Notisboka i baklomma. Skrive det ned. Om det skulle dukke opp ei tekstline eller to (verd å notere seg) langs denne vegen.
Passere det eine traktoregget etter det andre. Det feite kvite som velter seg der i sola. Og så denne plutselege frigjerande tanken: Når Elling kan skrive surkålpoesi må då vel eg kunne publisere mine traktoreggdikt!
Og slik vart det. Langs denne vegen. Og langs noen andre grusvegar her i Romsdal.
Ti-tolv bønder som i løpet av hausten inkjeanande vil bli møtt av eit tekstfragment (frå boka mi som eg vil tru kjem utpå vårparten eingong) når dei finn det er ”Tid å hausta inn”.