Kulturdepartementet Norge

Nye medlemmer i Kabeltvistnemnda

Nyhet   •   feb 07, 2011 09:48 CET

Kabeltvistnemnda avgjer tvistar om vidaresending av fjernsynssendingar og er vald av Kulturdepartementet.

Kabeltvistnemnda avgjer saker som nemnde i åndsverklova § 36 andre ledd, jf.§ 34 og § 45a fjerde ledd, samt tvist om vederlag for vidaresending av kringkastingssending etter åndsverklova § 45b. Nemnda tilbyr også mekling mellom partane i saka. Partane er typisk rettshavarar, kringkastarar og kabelnetteigarar.

Kabeltvistnemnda har ein leiar og to andre medlemmer. Alle tre deltek i avgjerdene. Utgiftene til nemnda si verksemd blir bore i den einskilde saka av partane slik nemnda fastset.

Følgjande medlemmer utgjer Kabeltvistnemnda i perioden 2011-2014:

Leier: høgsterettsdommar Karin M. Bruzelius
Varamedlem: tingrettsdommar Mari Bø Haugstad

Medlem: advokat Ingvild Mestad
Varamedlem: advokat Bjarte Aambø

Medlem: professor Erling Hjelmeng
Varamedlem: sivilingeniør Håkon Styri