Kommunal- og regionaldepartementet

Ønskjer meir innsats mot bustadløyse

Nyhet   •   des 10, 2009 09:15 CET

- Eg er bekymra for at mange ikkje har ein god og trygg heim. Difor oppmodar eg kommunane om å intensivere arbeidet med å hjelpe folk til å få trygge og varige butilhøve, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.


Ved førre kartleggjing i 2008 var det 6100 bustadlause i Noreg, mot 5500 i 2005.

-Fleire tilhøve tyder på at situasjonen framleis er vanskeleg for mange. Det er kommunane sitt ansvar å skaffe tak over hovudet for dei som ikkje klarer det sjølve. Men staten har gjeve dei ei verktykasse med mellom anna startlån, bustadtilskot, kompetansetilskot og bustøtte. Mange kommunar er flinke, andre kan gjere meir for å nytte kreative kombinasjonar av desse verkemidla for å gje folk ein bustad, meiner statsråden.

- Det er sett av 15 milliarder til ulike låneordningar i Husbanken neste år, og eg er innstilt på å auke beløpet viss det er behov.  Vi har óg endra reglane slik at 50.000 fleire husstandar kan få bustøtte innan dei neste tre åra, seier Navarsete. 

Ho er særs oppteken av at mange av dei bustadlause har samansette problem knytt til rus og psykiatri. -Mange treng meir enn berre ein bustad. For at desse personane skal behalde bustaden, er det naudsynt at dei blir følgde tett opp. I det arbeidet er det viktig at staten, kommunane og friviljuge organisasjonar samarbeidar tett og godt, meiner ho.

Statsråden meinar at kommunane no må vere særs merksame på utkastingar og gjere ein innsats for å førebyggje slike. Namsfogden i Oslo har til no i år fått nær 4000 krav om utkastingar. Det er 600 fleire enn i fjor.

- Eg fryktar at det ikkje berre er i Oslo at Namsfogden har fått fleire krav om utkastingar. No blir det viktig å sikre at finanskrise, mogleg renteauke eller aukande arbeidsløyse ikkje utviklar seg til ei bustadkrise, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.