Helse- og omsorgsdepartementet

Oppfordrar fleire til å gi blod

Nyhet   •   sep 06, 2010 17:02 CEST

-Mangelen på blodgivarar angår alle. Kvar andre nordmann vil trenge blodoverføring ein gong i livet, sa helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i sin appell på Blodbanken sin blodgjevarkampanje i dag.

Oppstarten på den landsomfattende kampanjen fann stad i Holmenkollen i Oslo. Dette anlegget rommer 30.000 personar. Det er så mange nye blodgivarar ein treng for å dekke behovet for blod ved norske sjukehus.

- For å redde liv, utføre operasjonar og gi behandling er vi helt avhengig av blod og blodgjevarar. Vi har 90.000 fantastiske blodgjevarar i dag, men vi treng 30 000 fleire. Eg vil oppfordre organisasjonar og enkeltpersonar til å verve blodgjevarar, og bedrifter til å legge til rette slik at tilsette kan gi blod, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Les mer på http://www.blodbanken-oslo.no/