Kommunal- og regionaldepartementet

Oppmodar om å gje vanskelegstilte betre butilbod

Nyhet   •   jan 07, 2010 09:32 CET

- Det er eit nytt år og Husbankkassa er fylt opp. Eg oppmodar kommunar og andre til å nytte kreative kombinasjonar av Husbankverkemidla for å gje folk gode husvære, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I samband med eit besøk på ”Prosjekt FRI” i Drammen, sa statsråden at kommunane bør satse enda meir på at vanskelegstilte ungdomar og folk på vei ut frå fengsel eller institusjonar skal ha ein trygg og god heim å organisere liva sine ut i frå.

- Husbanken har fått klare føringar for å førebyggje og motarbeide bustadløyse i 2010. No er det opp til kommunane – gjerne saman med friviljuge – å nytte dei statlege ordningane slik at flest muleg får en god busituasjon, meiner Navarsete.

”Prosjekt FRI” vann Statens pris for beste bustadløysetiltak i 2009. Det er Kirkens Bymisjon i Drammen som driv prosjektet. Målgruppa er tidligare innsette. FRI bidreg til at lauslatne frå fengsel får bustad, eit sosialt nettverk og hjelp til å bu. No skal  satsinga utvidast til å omfatte unge som er i faresona for å utvikle kriminell åtferd.

-Eg har stor tru på førebygging. Det er langt betre å førebygge enn å reparere – både for den einskilde og for samfunnet. Ein god bustad kan vere nøkkelen for å redusere problem med helse, rus og kriminalitet. Det kan óg vere avgjerande for ein meir aktiv deltaking i samfunnet og arbeidslivet, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.