Kunnskapsdepartementet

Opprettar utdannings- og forskingsråd i Moskva

Nyhet   •   nov 21, 2011 11:22 CET

    Regjeringa opprettar ein ny utdannings- og forskingsråd i Moskva. Det offentleggjorde statsråd for forsking og høgare utdanning Tora Aasland under dagens framlegg av nordområdemeldinga til regjeringa i Bodø.  

– Russland er eit viktig samarbeidsland for Noreg. Gjennom denne stillinga skal forholdet bli sterkare. Eg ser fram til å sjå auka samarbeid mellom norske og russiske kunnskapsmiljø og næringsliv framover, seier statsråd Tora Aasland. 

Utdannings- og forskingsråden skal arbeide for å styrkje, formidle og utvikle kontakten mellom russiske og norske høgare utdannings- og forskingsmiljø. Vedkomande skal og spreie informasjon om norsk høgare utdannings- og forskingspolitikk til relevante russiske miljø og hjelpe til med å styrkje kontakten mellom norske og russiske styresmakter på utdannings- og forskingsområdet. 

Frå før har Noreg medarbeidarar på Kunnskapsdepartement sitt område i Washington D.C., New York, Beijing, Brüssel, Paris og Tokyo.

(Statsrådene Jonas Gahr Støre, Tora Aasland, Magnhild Meltveit Kleppa, Lisbeth Berg-Hansen Foto: KD)