Miljøverndepartementet

Rapport om norsk arbeid med å redusere klimagassutsleppa

Nyhet   •   jan 28, 2010 09:06 CET

Noreg har levert sin nasjonalrapport om arbeidet med å redusere klimagassutsleppa. Alle landa som er tilslutta FNs Klimakonvensjon skal lage slike nasjonalrapportar kvart fjerde år og sende dei til Klimasekretariatet.

Rapporten gir ein gjennomgang av dei viktigaste tiltaka og verkemidla som er gjennomførte i Noreg, mellom anna CO2-avgift og andre avgifter, lover, reglar og stønadsordningar.

Tala i rapporten viser at utan desse klimapolitiske verkemidla ville utsleppa i 2010 blitt over 10 millionar tonn høgare enn dei ligg an til å bli no. Klimapolitikken har hatt ein positiv verknad som ofte ikkje kjem godt nok fram.

Rapporten viser også at Noreg vil innfri sine forpliktingar i Kyotoprotokollen gjennom ein kombinasjon av nasjonale reduksjonar og kvotekjøp.

Men dagens verkemiddel er ikkje nok til å innfri det nasjonale målet for 2020 om ein reduksjon på 30 prosent – 40 prosent hvis det blir ein globalt forpliktande klimaavtale. Klima– og forureiningsdirektoratet legg i februar fram ei utgreiing om tiltak – Klimakur 2020 – som vil peike på løysingar her.

Norway`s Fifth National Communication under the Framework Convention on Climate Change : Status report as of December 2009