Fiskeri- og kystdepartementet

Regulering av fisket etter ål i 2011

Nyhet   •   feb 15, 2011 09:54 CET

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om forbod mot fiske etter ål i 2011. På grunn av den alvorlege bestandssituasjonen vert det generelle forbodet mot alt fiske etter ål vidareført. Fiskeridirektoratet har fullmakt til å setje i verk eit overvakingsfiske i 2011.

I 2010 har det vore gjennomført eit lisensbasert overvakingsfiske innanfor ei ramme på ca 50 tonn, med kommersiell omsetjing av fangstane.

Ål er lista på CITES liste II for handel med trua dyreartar, og EU har varsla at det ikkje vert nokon import i 2011. Dette har ført med seg utfordringar for den norske næringa. Fiskeridirektoratet vil greie ut om det er grunnlag for eit næringsinvolvert overvakingsfiske i 2011, og vil kunne fastsetje nærare forskrift om dette.