Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa om: Transportbehov i nordområda

Nyhet   •   feb 18, 2010 17:04 CET

- Regjeringa følgjer opp nordområdesatsinga i transportsektoren, og set no i gang med ei utgreiing om dei overordna behova for transportinfrastruktur i nordområda på lang sikt. Dei statlege transportetatane og Avinor AS skal på oppdrag frå Samferdselsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet lage utgreiinga, som skal vera ferdig i mai 2011.

- Utgreiinga skal ha som mål å fram eit betre grunnlag for framtidige avgjersler og løysingar for utviklinga av infrastrukturen i nord. Utgreiinga skal vera eit fagleg innspel i arbeidet med Nasjonal transportplan 2014-2023, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Med utgangspunkt i velgrunna oppfatningar og avklaringar om kva som kan bli den framtidige utviklinga næringsliv og busetnad i nordområda, skal ein svare på dette:

  • Korleis bør eit overordna effektivt transportnettverk i nordområda sjå ut på lang sikt, til dømes om 30 år?

Det er elles meininga å få fram auka kunnskap for å svara på desse spørsmåla:

  • I kva monn viser dei eksisterande infrastrukturplane i nordområda ei utvikling med eit framtidig effektivt transportsystem?
  • Kan planane i dei enkelte landa samordnast betre?
  • Korleis høver lokale forslag til investeringsprosjekt inn i dette biletet?

Utgreiinga skal ta for seg den nordlege delen av Noreg, Sverige, Finland og Nordvest-Russland. På norsk side skal utgreiinga omfatta fylka Nordland, Troms og Finnmark. Der det er tenleg kan også Svalbard takast med.

Utgreiinga skal omfatte riksvegar, jernbane, luftfart, hamner og sjøtransport. Fylkesvegar kan trekkjast inn der dette er av interesse. Både persontransport og godstransport skal omfattast av utgreiinga, med hovudvekt på godstransport. Transportsystemet skal vurderast i eit nordområdeutsyn, med vekt på transportkorridorar og  internasjonale transportar over riksgrensene.

I utgreiingane skal ein ikkje gjennomføre vurderingar av konkrete investeringsprosjekt som høyrer heime i det ordinære planarbeidet for dei tre nordlegaste fylka.

Transportnett -  nord-sør og aust-vest

Det er ønskjeleg å få vurdert transportnettet ut frå både eit nord-sørgåande og eit aust-vestgåande utsyn. Nord-sør utsynet omfattar også transportar som går gjennom Finland og Sverige. Det skal leggjast til grunn eit tidsutsyn på 30 år, det vil seia fram til 2040.

Utgreiingsarbeid – i to delar

Første del skal av utgreiingsarbeidet skal vera ferdig i løpet av desember 2010, og skal ta for seg utviklinga av viktige næringsområde, som petroleumssektoren, fiskeri, havbruk og reiseliv. I tillegg kan det vera aktuelt å trekkja inn skog- og malmindustri og samhandel med naboland.

Andre del skal vera ferdig i ferdig i mai 2011, og skal få fram eit bilete av kva som vil vera ei overordna utvikling av det nasjonale transportnettet i Nord-Noreg, når ein tar omsyn til dei framtidige utviklingstrekka som blir skisserte i den første delen av utgreiingsarbeidet.

I den andre delen skal ein dessutan skissere forslag til framtidige effektive internasjonale transportkorridorar i nordområda.

Fleire opplysningar – sjå: