Nærings- og handelsdepartementet

Signering av bilateral avtale om Galileo

Nyhet   •   sep 23, 2010 10:02 CEST

Noreg og EU signerte 22. september ei bilateral samarbeidsavtale om satellittnavigasjonsprogrammet Galileo. Avtala sikrar ei heilskapleg ramme for samarbeidet og legg  til rette for norsk deltaking i alle delar av Galileo.

Galileo er eit felleseuropeisk satellittnavigasjonssystem som vil fungere saman med det amerikanske GPS-systemet. Galileo-programmet sikrar Europa eit uavhengig satellittnavigasjonssystem og er mellom anna venta å gi auka presisjon og driftssikkerheit for satellittnavigasjonstenester i nordområda.

-  Norsk deltaking i Galileo opnar mogligheiter for norsk industri og gjer at norske myndigheitar kan påverke utviklinga av Galileo slik at ho tek omsyn til særskilde norske behov, seier statssekretær Pål Julius Skogholt.

Galileo er utvikla i samarbeid mellom EU og den europeiske romorganisasjonen ESA, eit arbeid Noreg har teke del i både gjennom medlemskapen i ESA og gjennom EUs rammeprogram for forsking. Når Galileo no skal byggast ut vert systemet organisert som eit reint EU-program. Stortinget vedtok 11. juni 2009 at Noreg skal delta også i utbygginga av Galileo og at Galileo skal innlemmast i EØS-avtala. Avtala som no er signert omfattar dei delane av Galileo som ikkje naturleg høyrer heime i EØS-avtala, så som sikkerheit, vern av frekvensar og eksportkontroll.

- Med denne avtala deltek vi for alle praktiske f��remål i Galileo på lik linje med EU-landa. Som eit land med store avstandar og  store havområdar har vi mykje å tene på å vere med på å utforme det europeiske satellittnavigasjonssystemet. Samstundes har vi mykje å tilby Europa, i form av teknologi og bakkebasert infrastruktur langt mot nord, seier Skogholt.